Info Fjelletstafetten 2022

Postet av Fjellet IL den 10. Feb 2022

Velkomen til Fjelletstafetten 2022

Laurdag 12.februar blir det Fjelletstafetten med 25 lag frå 7 ulike klubbar.

Startliste

PS! Fint om de gir tilbakemelding med ein gong ved endring av lag.

Startliste (oppdatert 12.02.2022 kl 09:50)

Resultat2022

Smittevern

Smittevernplanen er utarbeidd med utgangspunkt i retningslinene frå Buskerud Skikrets og godkjent av kommuneoverlegen i Ål. Følgjande gjeld for arrangementet: 

  • Hald minst 1 meter avstand til andre, og bruk gjerne munnbind innadørs og utandørs.
  • Er det ikkje mogeleg å halde 1m avstand, så skal munnbind nyttast.
  • Har du symptom på luftsvegsplager eller andre symptom på korona, skal du ikkje møte opp på stadion. 
  • Sørg for god handhygiene. 

Parkering 

Parkering kostar 50 kroner. Betaling kun med Vipps til Fjellet Idrettslag 129439. Eit område ved Liatoppen Fjellstove blir stengt av for hotellet sine gjester.

Start 

Alle laga startar kl 12:00.

Startnummer 

Alle klubbposar vert hengt opp langs vegen opp til stadion. Ansvarleg for klubben tek med seg posen. Her finn de startnummer og startliste. Det er ikkje naudsynt å gå innom rennkontoret bortsett frå om det er noko feil med startnummer. Skal de innom rennkontoret, ber me om at det berre kjem ein om gongen, og at de bruker munnbind. 

Rennkontor åpner kl 10.

Premieutdeling og anna

Utdeling av premiar foregår lagvis, med ein gong etter at alle lag har kome i mål.

Det vert servert drikke i målområdet og ved veksling til løparane.

Toalett 

Toalett er sjølvsagt ope. Her vil me ha hyppig vask av kontaktflater undervegs i arrangementet. Hald avstand i køen, og bruk munnbind.

Kiosk - kafe

Kafe/kafeteria vil være stengt under hele arrangementet. Vi ønsker ikkje ugunstige coronasituasjoner der.

Kiosken er open. Her benyttes Vipps. Handling i kiosk vil foregå frå utsiden/utandørs.

Løype

Trykk på linken under for å kome til løypetraseane på Liatoppen

Løyper Liatoppen

Resultat

Det blir manuell tidtaking, og det er ikkje naudstynt med brikke.

Resultat blir lagt ut på denne siden når det er klart.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.