Måndagsrenn, telenorkarusell og klubbmesterskap 2018.
Postet av Fjellet IL den 2. Jan 2018
Måndagsrenn sesongen 2018
Fjellet IL starter opp att med skirenn kvar måndag kl 18.00. Fyrste gongen blir 8.januar i Leveld, og der går me t.o.m 5.februar. F.o.m. 7. februar går me i lysløypa i Vats.
Det er sett ei grense på 15 kuldegrader. Er det kaldare enn dette vert det ikkje noko arrangement i regi av idrettslaget.
Det blir 10. måndagskveldar i alt. Det blir servert varm saft kvar gong. Me avslutter kl 19.30
Alle får premie på jonsokaftan.
Det blir klubbmesterskap onsdag 7.februar i Vats, saman med Telenor Karusell.
Minner og om Fjelletstafetten 10. februar.
Ungane kan få registrert ein tur hvis dei går i lysløypa etter skoletid same dag, altså måndager. Foreldre må i tilfelle be om at turen vert registrert neste gong. Dette skal ikkje vera noko regel, men kan gjerast dei gongene måndagsrenna kolliderar med noko anna.
For å få dette til har me satt opp ei dugnadsliste for måndagane utover. Den som står fyrst er ansvarleg. Vedkomande må syte for registrering av frammøte og utdeling av saft. I Leveld tek Torleiv Thoen med det som trengst av utstyr. I Vats står utstyret på klubbhuset.
Mannskapsliste:
Leveld:
8.Jan Torleiv Thoen og Torstein Haug Hagen
15.Jan Vanja Tørhaug og Ola Haug Hagen
22.Jan Øystein Ødelien og Roar Vikanes
29.Jan Inge Løkensgard og Solveig Arnegard
5.Feb 1.renn Telenor Karusell, O-løp, skicross
Påmelding,klypp og saft frå 17.30: Bjørn Ove Buseth og Bjørnar Bergaplass
Løype: Magnus Skrindo og Nils Veslegard.
Vats:
7.Feb Klubbmesterskap klassisk (2.renn Telenor karusell)
Klypp, saft og utdeling av startnummer: Stein Arnegard og Lars Inge Kaslegard
Løype: Knut Ivar Vestli og Svein Furuhaug.
Tidtaking:Kjell Grønnerød,Lars Ivar Brattegard og Robert Lappegard
Påmelding: Innen 5. februar til Kjell Grønnerød, kjell.gronnerod@gmail.com.
Oppgi navn og fødselsår/klasse.
12.Feb Geir Olav Liodden og Nils Kyrkjedelen
19.Feb Knut Arne Liodden og Bjørn Ola Ådnegard
5. Mars Frode Berg Hovda og Jan Ole Hovdegard
12.Mars 3.renn Telenor Karusell, idealtid
Påmelding,klypp og saft frå 17.30 May Rose Brattegard og Torunn Torsteinsrud.
Tidtaking: Knut Lappegard og Torleiv Thoen
19.Mars Karl Dagfinn Brattegard og Pascal Buhler
Viss du ikkje kan møte er det fint om du kan bytte med nokon andre på lista..
Helsing skigruppa i Fjellet IL
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Fjellet IL
Fjelletstafetten 2024 m/resultat
03.02.2024
Måndagsrenn og skitrening vinter 2024
01.01.2024
Ny sponsor - Bjerke Nettbygg AS
28.06.2023
Sankthans feiring 2023
19.06.2023
Mandagsrenn 2023
01.01.2023
Sankthansfeiring 2022
19.06.2022