Måndagsrenn og skitrening vinter 2024

Postet av Fjellet IL den 1. Jan 2024

Fjellet IL startar opp att med måndagsrenn (kl. 18:00 og 19:30) frå og med 8.jan. Det blir renn i Vats til midten av februar, og i Leveld fram til påske. Rennet blir avlyst ved kaldare temperatur enn 15.minus.

For å få til det er det laget ei dugnadsliste. Vedkomande må syte for registrering av frammøte og utdeling av saft. I Leveld står utstyret inne på utstyrsrommet på Leveldtun. I Vats står utstyret på klubbhuset.

Minner om Fjelletstafetten 17. februar. Der treng Fjellet IL både deltakarar og mannskap 😊

PS! Det er felles skileik/langrennstrening på Liatoppen kvar tysdag kl 18:30 til 19:45 (alle klubbane i Ål).

Viss du ikkje kan møte er det fint om du kan bytte med nokon andre på lista. 

Endringar og anna info finn du på Facebooksida til Fjellet IL  https://www.facebook.com/groups/fjelletil

Helsing skigruppa i Fjellet IL