Måndagsrenn, telenorkarusell og klubbmesterskap 2018.

Postet av Fjellet IL den 2. Jan 2018

                                                         Måndagsrenn sesongen 2018

 



Fjellet IL starter opp att med skirenn kvar måndag kl 18.00. Fyrste gongen blir 8.januar i Leveld, og der går me t.o.m 5.februar. F.o.m. 7. februar går me i lysløypa i Vats.

Det er sett ei grense på 15 kuldegrader. Er det kaldare enn dette vert det ikkje noko arrangement i regi av idrettslaget.

Det blir 10. måndagskveldar i alt. Det blir servert varm saft kvar gong. Me avslutter kl 19.30

Alle får premie på jonsokaftan.

Det blir klubbmesterskap onsdag 7.februar i Vats, saman med Telenor Karusell.

Minner og om Fjelletstafetten 10. februar.

Ungane kan få registrert ein tur hvis dei går i lysløypa etter skoletid same dag, altså måndager. Foreldre må i tilfelle be om at turen vert registrert neste gong. Dette skal ikkje vera noko regel, men kan gjerast dei gongene måndagsrenna kolliderar med noko anna.

For å få dette til har me satt opp ei dugnadsliste for måndagane utover. Den som står fyrst er ansvarleg. Vedkomande må syte for registrering av frammøte og utdeling av saft. I Leveld tek Torleiv Thoen med det som trengst av utstyr. I Vats står utstyret på klubbhuset.

 

Mannskapsliste:

Leveld:

8.Jan                   Torleiv Thoen og Torstein Haug Hagen

15.Jan                 Vanja Tørhaug og Ola Haug Hagen

22.Jan                 Øystein Ødelien og Roar Vikanes

29.Jan                 Inge Løkensgard og Solveig Arnegard

 5.Feb                 1.renn Telenor Karusell, O-løp, skicross

                            Påmelding,klypp og saft frå 17.30: Bjørn Ove Buseth og Bjørnar Bergaplass

                            Løype: Magnus Skrindo og Nils Veslegard.

Vats:

 

 7.Feb                 Klubbmesterskap klassisk (2.renn Telenor karusell)

                           Klypp, saft og utdeling av startnummer: Stein Arnegard og Lars Inge Kaslegard 

                           Løype: Knut Ivar Vestli og Svein Furuhaug.

                           Tidtaking:Kjell Grønnerød,Lars Ivar Brattegard og Robert Lappegard

                           Påmelding: Innen 5. februar til Kjell Grønnerød, kjell.gronnerod@gmail.com.
                           Oppgi navn og fødselsår/klasse.
                                                    

12.Feb                Geir Olav Liodden og Nils Kyrkjedelen

19.Feb                Knut Arne Liodden og Bjørn Ola Ådnegard

 5. Mars             Frode Berg Hovda og Jan Ole Hovdegard

12.Mars             3.renn Telenor Karusell, idealtid
                          Påmelding,klypp og saft frå 17.30 May Rose Brattegard og Torunn Torsteinsrud.

                          Tidtaking: Knut Lappegard og Torleiv Thoen              

19.Mars             Karl Dagfinn Brattegard og Pascal Buhler

 

              Viss du ikkje kan møte er det fint om du kan bytte med nokon andre på lista..

 

              Helsing skigruppa i Fjellet IL




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.