Langrennstrening 2019/2020

Postet av Fjellet IL den 25. Nov 2019

Langrennstrening – Fjellet IL        

Då har vinteren kome, og Fjellet IL er klar for ein ny skisesong. Det er trening kvar onsdag kl 18:00 til 19:15 i Leveld, men det kan bli flytting til Vats viss dårlege forhold i Leveld. Gruppa blir delt i to ut i frå alder. Tidlegare erfaring betyr ingenting. Einaste kriteriet er at de har eit par ski, eit par stavar og skisko.

1-4.klasse

Fokus på leik og moro, og alle aktivitetar foregår på flata ved Leveld skule. Det blir balansetrening, stafettar og leik, samt skikøyring ned ein bakke. Det blir annenkvar gong med klassisk og skøyting, men det er berre å bruke dei same skia. Vaksne hjelp til med festesmurning ved behov.

 

5.klasse og eldre

Her blir det også fokus på leik og moro, men delar av treninga blir nytta til teknikktrening. Det blir annan kvar gong med klassisk og skøyting, men det er berre å bruke dei same skia. Vi tilrår å smørje skia før klassiskøktene, og ta vekk smurninga før skøyteøktene.

 

Oppdatert informasjon finn de på Facebooksida til Fjellet IL. Be om å bli medlem!

Velkomen til ein ny skisesong!

Mvh

Skigruppa i Fjellet IL


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline