Offisiell opning av rulleskiløypa på Liatoppen

Postet av Fjellet IL den 30. Mai 2018

Måndag 4. juni kl. 18:00

 

Liatoppen skisenter er no ferdig med rulleskiløypa. Vi har fått asfaltert 1 km, og det er fleire mindre sløyfer som kan nyttast.

Dette må vi feire med ei høgtidleg opning. Ordførar Solveig Vestenfor kjem for å klippe snora.

  • Alle som har rulleski vert oppmoda om å kome å gå nokre rundar i anlegget.

  • Dei som ikkje har eigne rulleski kan få låne rulleski. Idrettslaga har nokre par som er til utlån.

  • Hugs hjelm!

 

Kl. 18:00               Velkommen.                     v/Svein T. Furuhaug, Liatoppen Skisenter

Kl. 18:10               Opning                              v/Solveig Vestenfor, Ordførar

Kl. 18:30 (ca)        Kake                                  Alle

 

Vel møtt!

Styret for Liatoppen Skisenter




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline